site templates free download


God Musikk

Heldagskväll i Timmerkojan
Daniel "Dan" Andersson frå Dalarna var berre vel 32 år gamal då han døydde så alt for tideleg hausten 1920 på eit hotell i Stockholm . Enkelte treng ikkje å leve lenge for å sette spor etter seg. Båsmokoret har sunge fleire av visene hans, mellom anna "Till Kärleken" og "Jag väntar". Det er Thorstein Bergman som syng her. Komponist er Sven Scholander.

Jag Väntar

I 2005 kom «Svart ballade» av den svenske folkemusikaren Sofia Karlsson, ei god tolking av Dan Andersson viser. Sofia Karlsson syng her «Jag Väntar» saman med vår eigen Odd Nordstuga. Komponist er Gunnar Turesson.

Ajde Jano

Tor-Petter Aanes er også medlem av Urban Tunélls Klezmerband. Bandet har spesialisert seg på klezmermusikken som var ein del av den jødiske kulturen i Aust-Europa før 2. verdskrigen. Her er "Ajde Jano", ein gamal serbisk song frå Kosovo. Båsmokoret song denne på serbisk forkost-TV frå Beograd sommaren 2017.

A case of you

Det legendariske "Blue" albumet til Joni Mitchell inneheld mange klassiskarar, blant andre "A case of you". Her er ein versjon frå "Both sides now" (2000) der ho blir kompa av Wayne Shorter saxofon,  Chuck Berghofer bass, Peter Erskine trommer, Mark Isham trumpet og  Herbie Hancock piano.
Arrangert for orkester og dirigert av Vince Mendoza 

Det er den draumen

Olav H. Hauge levde i Ulvik den tida eg gjekk på Voss gymnas. Lærar Johanna Schwarz tala vel om han. Hauge skreiv det vakre og meiningsfulle diktet "Det er den draumen". Finn Coren fann tonen.